Fjord- og bretur til Fjærland

På denne vakre båtreisa til vår nabobygd Fjærland, vil du få servert attraksjonar som perler på ei snor.

Turen inkluderer eit besøk på Norsk Bremuseum i Fjærland, eit interaktivt museum for heile familien som på spennande vis formidlar kunnskap om brear og klima. Ein shuttlebuss tek deg vidare til Bøyabreen - ein av Jostedalsbreen sine spektakulære brearmar. Her kan du nyte synet av breen og det frodige landskapet som omkransar isen.

Tilbake i Fjærland avsluttar me dagen med eit cruise på Fjærlandsfjorden, ein fjordarm av den storslegne Sognefjorden. Om bord på båten har du høve til å kjøpe deg tradisjonell norsk mat og drikke

Fjord- og breturen har avreise frå Balestrand i sesongen frå 1.mai til og med 30.september.

Les meir eller book di reise på Fjord & Glacier Tour sine heimesider.

Bøyabreen med sitt klare brevatn.

Buss- og inngangsbillett til Bremuseet i Fjærland er inkludert i rundturen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Balestrand Adventure