Velkommen til Julesong og familiejulebord på Kviknes

Bli med på ein magisk førjulskveld på Kviknes Hotel.

1. desember inviterer Julesong til ein stemningsfull konsert med Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Kvaale. I år som i fjor kan du kombinere den med vårt populære familiejulebord.

Ta med deg heile familien og kom i julestemning til vakre tonar og tradisjonsrik julemat.

Billettar til julesong kjøper du på https://www.julesong.no

Førjulsmagi med julesong

Dei ni siste åra har Julesong hatt fulle hus på konsertar rundt om i Sogn og fjordane.

I år er songarane i Julesong tilbake saman med erfarne musikarar som Inge Ronny Kvåle på strengeinstrument, Bjørn Tore Årøy på tangentar, Gjest Kvåle på gitar, John Børge Askeland på bass, og Trond Øyre med lyd- og lysdesign.



Konsertane som garanterer julestemning og gåsehud er sett saman av songar som høver til advents- og førjulstida.
Kremlaget som dannar “Julesong 2024” vil dei fleste kjenna att frå konsertane i åra før, og frå tidlegare julekonsertar og andre framsyningar i Sogn og fjordane dei siste åra. Og ikkje minst TV-programmet “NRK Julelutt” som vart vist på NRK1 på julafta 2014.

Einar, kjend frå m.a. Folk Flest, syng mange av dei største jule-klassikarane, medan Gunn Marit syng nokre av dei mest kjende nye julesongane, og sin eigen julesong “Heim til deg” - som vart spelt mykje på NRK P1 nasjonalt i førjulstida/jula i fjor! Kari vil mellom anna bidra med tradisjonsstoff frå folkemusikk og salmar.

Saman framfører dei og duettar og andre songar, som gir lys og varme i den mørke desembertida.

Set av kvelden slik at du kjem i julestemning i år du òg!

Familiejulebord - ein kveld for store og små

I samband med Julesong sin konsert 1. desember inviterer vi til julebord for heile familien. 

Ta med små og store og nyt tradisjonell julemat, servert av våre dyktige kokkar i stemningsfulle omgjevnader.

Prisar:

Vaksne kr. 495 ,-

Born 6-14 år kr. 250,- (born under 6 år et gratis)

Bestill julebord her

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Utforsk Balestrand sine høgdepunkt med Pål

Neste
Neste

Opplev Balestrand og Sognefjorden i haust