Luttprisen flyttar til Balestrand
Det er klart for ein glamorøs storfest når Luttprisen flyttar til 6899 Balestrand i mars. Saman med Kviknes Hotel og gjengen på Balestrand Hotell inviterer Luttprisen alle til å hylle musikklivet i Sogn og Fjordane i den naturskjønne kulturbygda.
- Dette har eg gleda meg til lenge. Eg kan love at dette blir ein fest du ikkje vil gå glipp av. Laurdag 2. mars skal vi verkeleg vise kor mykje bra Sogn, Sunnfjord og Nordfjord har å by på, seier prosjektleiar i NRK Vestland, Stian Sjursen Takle.
Luttpris nummer 18
Luttprisen har som mål å løfte fram musikklivet i Sogn og Fjordane, og har så langt blitt delt ut 17 gonger. Kvart år har det blitt arrangert store prisshow rundt om i den nordlege delen av Vestland fylke. I fjor vart Odd-Erik Lothe årets artist i Operahuset Nordfjord. I år er prisutdelinga altså lagt til Balestrand, i eit samarbeid mellom gjengen i Kjartan Lauritzen, Kviknes Hotel, Brak, Vestland fylkeskommune, produksjonsselskapet OnCue og NRK Vestland.
- Vår lokale Spellemann
I Balestrand gler dei seg til å vere vertskap for årets prisutdeling.
- Når me fekk spørsmål om det kunne vere mogleg å få til Luttprisen i Balestrand, blei me alle veldig gira. Dette måtte me få til. For oss er Luttprisen vår lokale Spellemannspris, og ein av dei viktigaste bidraga til å løfte lokale musikarar. Me er ekstremt takknemlege for kva dei, og spesielt Stian, gjer for musikken i Sogn og Fjordane. Me vonar både bransjen, artistar og publikum vil komme for å bli med på ein ekte Balestrandfest, Seier Teddy og Per på Balestrand Hotell.
Norges mest spelte
Musikklivet i Sogn og Fjordane blomstrar for alvor akkurat no. Fem av dei mest spelte artistane i norges største radiokanal, NRKP1, er frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
-Fantastisk! Det har aldri skjedd før! Då er det ekstra stas at alle fem skal opptre under Luttprisen i Balestrand, seier Sjursen Takle i NRK Vestland. Han siktar til Anna Lille frå Nordfjordeid, Oddny frå Bremanger, Line Dybedal frå Stad, Håvard frå Gloppen og MAIH frå Fjaler.
Arian skal leie showet
Men dei er langt frå dei einaste artistane som står på scena i Kviknes hotel denne festkvelden. Dit kjem nemleg også blant anna Finn Tokvam, Olav Stedje og Odd-Erik Lothe, Gunn Kvaale, b0ka og sjølvsagt Kjartan Lauritzen. Programleiar for showet er Arian Engebø frå Førde. Ho har tidlegare leia både den norske finalen i MGP og P3 Gull.
-Vi er ikkje ferdig med køyreplanen for showet. Så det kan fort dukke opp nokre overraskingar. Dessutan skal vi jo dele ut pris til årets artist, årets nykommar og ein pris til årets eldsjel, fortel prosjektleiar Sjursen Takle. Det vert også fagprogram, forspill og etterfest på Balestrand hotell under Luttprishelga.
Desse kan bli årets artist
16 artistar er nominert til å vinne Luttprisen som årets artist. Du kan vere med å røyste på din favoritt nederst i denne artikkelen. Dei nominerte er:
Sigrid Moldestad
Olav Stedje
Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam
Teo
Eirik Sognnes
Erlend Apneseth trio
Karl Seglem
Good Time Charlie
Steinar Karlsen
Elida Høgalmen
Kjartan Lauritze
b0ka
Tungevaag
Sigrid Felde
Gunn Kvaale
Line Dybedal
Eva Weel Skram
Desse kan bli årets nykommar
Det er fem artistar som er nominert til å bli årets nykommar. Desse kan du også røyste på nederst i denne artikkelen. Dei nominerte er Anna Lille, Oddny, MAIH, We Met in June og Håvard. Luttprisane er stipend på 25.000 kroner frå sparebankstiftingane til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest. Siste frist for å levere røyst til Luttprisen er 25. februar klokka 23. Du kan berre røyste to gonger i døgnet på din favoritt. Luttprisen vert bestemt av ein fagjury saman med røystene frå folkejuryen.
Nominer din eldsjel
Det skal også delast ut pris til årets eldsjel under Luttprisen. Denne prisen skal gå til ein person eller gjeng som løfter fram musikarar frå Sogn og Fjordane. Prisen har tidlegare mellom anna gått til Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff og Viggo Randal i Utkantfestivalen. Du kan nominere din kandidat ved å sende ein epost med grunngjeving til brak@brak.no innan 20. februar.
Direkte i radio
Billettane til årets Luttpris på Kviknes hotel i Balestrand vert lagt ut for sal på TicketCo torsdag 25. januar klokka 09.
Luttprisen vert sendt direkte i radioen i Sogn og Fjordane laurdag 2. mars klokka 21. Dagen før går heile dagsendinga frå Balestrand hotell med berre musikk frå Sogn og Fjordane på sendeplanen. Musikkorganisasjonen Brak og Vestland fylkeskommune arrangerer også eit fagseminar for arrangørar, musikarar og festivalar i løpet av Luttprishelga.